Sigbjørn Daasvatn

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Sigbjørn DaasvatnSymbol confirmed.svg
Sigbjørn Daasvatn 290511.jpg
Født: 12. april 1964 (55 år)

Sigbjørn Daasvatn (fødd 12. april 1964 i Fyresdal) er sivilingeniør og tilsett som strategic technology manager i Subsea 7 i Stavanger.

Sigbjørn er dykkar frå Sjøforsvarets Dykker- og Froskemannsskole i 1986 og Statens Dykkerskole i 1990, og sivilingeniør frå Universitetet i Stavanger i 1996. Han har òg befalsutdanning i Forsvaret (utskrevet sersjantkurs i Infanteriet 1983). Han arbeidde som dykkar i Nordsjøen frå 1986 til 1991. Etter det var han feltingeniør på dykkarskip i Nordsjøen, prosjektingeniør og inspeksjonsingeniør. Etter å ha fullført utdanning som sivilingeniør i 1996, ved sida av arbeidet sitt, hadde han ulike stillingar i oljebransjen, mellom anna i Phillips Petroleum Company Norway og Halliburton Subsea.

I 2001 starta Sigbjørn opp bygge- og anleggsføretaket Trebyggeriet i det gamle Arsenalet til Forsvaret i heimbygda Hornnes. Han var dagleg leiar i selskapet til 2010, og etter det sjefsingeniør til februar 2012. Han slutta då i føretaket, og byrja i nytt arbeid i oljebransjen igjen. Trebyggeriet er seinare gått konkurs. Det var Trebyggeriet som bygde den vidkjende Bølgeveggen på Kilden kulturhus i Kristiansand.

Sigbjørn er leiar for foreininga Funn i Hafrsfjord, som driv eit svært leiteprosjekt med tanke på å finne spor etter slaget ved Hafrsfjord (ca 872 e. Kr.).

Foreldra til Sigbjørn er Arne Daasvatn og Gerd Herborg Mæsel Daasvatn. Han er busett i Gymnasvegen på Hornnes saman med kona Anita Jørstad og borna Snorre Jørstad Daasvatn, Eskil Jørstad Daasvatn og Åsne Jørstad Daasvatn.

Utmerkingar[rediger]

Treprisen 2006, Aust- og Vest-Agder fylkeskommuner

Kjelder[rediger]