Gauper

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Gauper er rovdyr som jaktast på i Aust-Agder. På 1990-talet vart det innført kvoteregulering på gaupejakta og i 2000 og 2001 var gaupa freda. Kommunevåpenet i Bygland har ei gaupe som motiv. Gaupa som står i glassmonter på kommunehuset i Bygland, vart teken i fotsnare på Lauvdal tidleg på 1980-talet. Gaupa som står i glasmonter på Bygland skule, er den fyrste gaupa i Bygland kommune i nyare tid. Anne Haugen oppdaga gaupa, som var ihelkøyrd, i grøfta på Riksveg 9 ved Storestraumen tidleg på 1980-talet. Då hadde ein ikkje sett gaupe i Bygland på over 60 år.

Gaupejakt[rediger]

Gaupejakta i 2012[rediger]

Denne er i tida frå 1. februar 2012 til 31. mars 2012 og totalkvoten er på 32 gauper for rovviltregion 2, som omfattar Vestfold, Buskerud, Telemark og Aust-Agder. Men dette året kan ein skyte alle gauper ein måtte sjå i Bygland, Evje og Hornnes, Iveland, Birkeland og Lillesand. Grunnen til det er at desse kommunane er buffersone mot Vest-Agder og Rogaland, der det ikkje skal vere gauper. Også i Vest-Agder kan alle gauper skytast, men dei må rapporterast. I dei andre kommunane i Aust-Agder er kvoten på 4 gauper, sjølv om fire dyr kan verte tildelt seinare i perioden. Den totale kvoten er fordelt på åtte jaktområde. Det kan bare skytast ti hodyr, og det skal bare vere 12 ynglingar i rovviltregion 2.

Gaupejakta i 2010[rediger]

I tillegg til kommunane i Aust-Agder høyrer også Drangedal, Kragerø, Nissedal og Fyresdal i Telemark til same jaktområdet. I 2010 hadde dette området ein jaktkvote på 4 dyr. Tidleg i jaktperioden vart det felt ei vaksen hogaupe i Drangedal og ei ung hanngaupe i Fyresdal. Tysdag 16. februar 2010 skaut Einar Holen og Kjell Johnny Lundtveit dei to siste gaupene i Bygland for denne jaktsesongen. Like etter kunngjorde fylkesmannen i Aust-Agder at gaupejakta 2010 var avslutta.

Gaupejegarar[rediger]

Det er skote over 20 gauper i Bygland etter at det vart lov å jakte på gaupe. Kjell Johnny Lundtveit har skote 5, Einar Holen 3, Arne Sandnes, Gunnar Haugå og Knut Hårklau 2 kvar. Desse har skote ei gaupe kvar: Alvik Klungland, Roald Klungland, Svein Helge Nomeland, Pål Olsen, Nils Børge Kile, Knut O. Sandnes og Alfred Moseid.

Kjelder[rediger]