Knut O. Sandnes (1879)
(Omdirigert frå Knut O. Sandnes)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Knut O. Sandnes (1879) | ||
---|---|---|
Født: | 4. mars 1879 | |
Død: | 3. november 1969 (90 år) |
Knut Olavson Sandnes (fødd 1879, død 1969) var bonde på Nordre Sandnes bnr. 4 i Bygland og ordførar 1923-1929. Han dreiv også landhandel i Åraksbø 1900-1935 og gard i den grenda (Eldhuset bnr. 6).
Knut blei vald inn i heradstyret i 1904 og sat der i 25 år, dei siste seks som ordførar. Utanom dette var han med i mest alle former for styre og stell i bygda.
Familie
Knut var gift med Sigrid Knutsdotter Sandnes (fødd Haugå 1878, død 1948). Dei hadde borna Olav K. Sandnes (f. 1901, d. 2005), Torbjørg K. Sandnes (f. 1904), Knut K. Sandnes (f. 1906) og Signe K. Sandnes (f. 1915, d. 2007). Foreldra til Knut var Olav Knutson Sandnes d.e. (f. 1844, d. 1924) og Torbjørg Eivindsdotter Sandnes (f. Lande 1857, d. 1934).
Kjelder
- Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, side 193-195