Gardefjellet naturreservat

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
(Bilete 1) Gardefjellet naturreservat skravert .
Foto: Kart frå Miljødirektoratet
(Bilete 2) Gardefjellet som stig opp frå Grøssæ .
(Bilete 3) Kvernhusfossen mellom Kilsvatn og Vånarosen.
(Bilete 4) Vestre Kile ved Kilsvatn.
(Bilete 5) Drivslid 8. oktober 2017.

Gardefjellet naturreservat ligg i eit område som strekkjer seg frå Topsæ oppover Kjyddingdalen over Gardefjellet vest for Grøssæ og nordover til Straumsfjorden. Grensa til reservatet går langs Grønåne som renn frå Grøssæ til Topsæ. Reservatet er vist i kart henta frå Miljødirektoratet. På Miljødirektoratet si side er lista opp 29 områder som blei verna av Kongen i statsråd den 21. juni 2019, deriblant Gardefjellet naturreservat. Sjå også side hos: Fylkesmannen i Aust-Agder. Dette er frivillig vern for grunneigarane av gnr./bnr. : 30/1, 32/7, 30/4, 17/2, 14/2, 13/8, 13/1, 13/2, og 13/9. Dette kan ein finne ut ved å bruke norgeskart.no , markere ein stad i kartet, klikke på «SE EIENDOMSINFORMASJON», og så huke av på «MARKER EIENDOM».

Bilete 1 viser eit kart der området for reservatet er skravert og med markeringar for Bilete 2-5 (B 2 - B 5). Bilete 2 viser austre del av Gardefjellet der det stupar rett ned i Grøssæ. Bilete 3 viser Kvernhusfossen som ligg mellom Kilsvatn og Vånarosen. Olav Olson Mo (1869-1965) som budde på bnr. 2 Søndre Kile frå 1904 til1951 hadde sag her. Sigvart Kile (1902-1977) bygde både våningshus og uthus på bnr. 1 Nordre Kile under krigen. Det blei skore planker til Grøssæstemmen og Topsæstemmen på denne saga. Bilete 4 viser husa på gnr. 17 Kile (Bygland) som ligg utanfor reservatet. Husa på jordet til venstre høyrer til bnr. 1 Nordre Kile og bnr. 3 Øvre Kile og husa på jordet til høgre høyrer til bnr. 2 Søndre Kile. Grensa mot naturreservatet ligg langs sørsida av Kilsvatn som er heilt til høgre i biletet. Bilete 5 viser området rundt støylen Drivslid og Drivslidfjellet. Sjølve støylen tilhøyrer Der heime (Nordre Austad) og er kulturlandskap og høyrer ikkje til reservatet.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...