Der heime (Nordre Austad)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Våningshuset, bygd ca 1900.
Det freda buret på eigedomen.
Foto: Geir Daasvatn

Der heime er eit gardsbruk (gnr. 13 bnr. 8) på Nordre Austad i Bygland. Bruket kom til i 1854, då det gamle Rolv Gunsteinsons bruk blei delt i to (bnr. 8 og bnr. 9). Eigar i dag er Knut G. Austad (f. 1960). Han arbeider på Jærmusèet på Nærbø i Hå kommune, og bur ikkje på garden. Jorda blir bruka av andre.

På bruket står eit gamalt bur. Det skal vere bygd ca 1344, og er eitt av dei eldste bura i Setesdal. Bygningen er freda.

Kjelder[rediger]