Flåt gruve kontor I (1880)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Det gamle kontoret slik bygget ser ut i dag.

Flåt gruve kontor I var det eldste kontoret ved Flåt gruve i Evje. Bygget var ei husmannsstove frå Åvesland som blei flytta til gruva i 1880. Her var også lønningsbu. Det var ei luke for utbetaling av lønning. «Her måtte karane stille på rekke, frå vindauget og bakover i skogen. I skogkanten var der også gjerne nokre kvinner som stod klare til å springe fram og sikre pengar til mat og klede for seg og barna, før mannen rokk å spele bort pengane i kort i Raudækrasvingen», skriv Sigmund Monen i sitt storverk om gruvedrifta i Setesdal.[1]

Det kom nytt kontor ved gruva i 1902/1903. Frå ca. 1910 fekk Tørres Tørresen det gamle kontoret til smie. Han blei seinare smed på Evje nikkelverk, og det gamle kontoret blei då karbidbu. Dei oppbevarte karbiden til dei nye karbidlampane her.

Bygningen står framleis på staden. Bua er svart innvendig, etter åra ho var i bruk som smie. Saman med Ringeriksbua og steinsiloen er dette det einaste bygget som er teke vare på i det gamle gruveområdet.

Referansar[rediger]

  1. Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 64-66