Evje kraftstasjon

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje kraftstasjon blei bygt i Fennefossen i Otra i Evje og Hornnes i 1909. Han var den første kraftstasjonen i Setesdal. Stasjonen blei noko utvida i 1917, og var i drift til 1962. Det var Evje Nikkelverk (AS) og seinare Raffineringsverket AS, som dreiv Evje nikkelverk ved Fennefossen, som eigde kraftstasjonen.

I september 2020 starta bygging av Fennefoss kraftverk på same stad som Evje kraftstasjon ein gong låg. Det nye kraftverket kjem i drift i 2023.

Kjelder