Eiken

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Lygnevatnet og Eiken 11. februar 2017.
Foto: Geir Daasvatn

Eiken er ei bygd og ein tidlegare kommune omtrent midt i Vest-Agder. Nabokommune i aust er Audnedal. Mot vest ligg Kvinesdal. Frå 1. januar 1963 har Eiken høyrd til Hægebostad kommune.

Fylkesveg 42 går gjennom Eiken. Austover går vegen til Sveindal og vidare til Evje. Vestover går vegen over Haddelandsheia og vidare forbi Fjotland mot Tonstad i Sirdal. Frå Skeie går det fylkesveg sørover til kommunesenteret Birkeland og nabokommunen Lyngdal.

Eiken kyrkje ligg på eit nes i Lygne. Eikås Sagbruk og Eiken Mekaniske Verkstad er større verksemder i bygda.

Mange tykkjer Eiken er ei ven bygd, med vakkert landskap og høge fjell rundt øvre delen av Lygnevatnet. I årtider har bygda hatt tilnamnet «perla i Agder».

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...