Elias Jerstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Elias Jerstad
Født: 17. februar 1891
Død: 24. august 1966 (75 år)

Elias Jerstad var gruvemann, fødd 17. februar 1891 på Jerstad i Kvinesdal og død 24. august 1966 i Evje.

Straks konfirmasjonstida var over, bar det ut i arbeidslivet. Han var med på bygginga av Trælandsfos Tresliperi i Kvinesdal. Han arbeidde på utskipingsplassen i Lervik, der dei lossa tømmer frå Russland og Finland. Frå 1912 til 1914 var han i molybdengruva i Knaben. I 1914 var han i militærteneste på Gimlemoen i Kristiansand. Troppen hans drog på ein utmarsj til Evje. Her kom Jerstad i kontakt med folk som arbeidde i Flåt nikkelgruve.

Etter å ha vore i nøytralitetsvakta under krigen, drog han så attende til Evje. Her vart han verande resten av livet, med unnatak for eit par år då han var bygningsarbeidar i Amerika.

I Evje fekk Jerstad ganske snart arbeid i Norsk Feltspat Co (Feltspatkompaniet). I mest 35 år var han knytta til dette selskapet. Han var arbeidsformann og nestkommanderande.

Ingvald Kaldhusdal skreiv eit stykke om Elias Jerstad i Fædrelandsvennen 17. februar 1961, den dagen Jerstad var 70 år gamal:

Han vart arbeidsformann i Norsk Feltspatkompani. Og undateki eit par år i Amerika og korte jobbar i Nikkelgruva og ymse andre anlegg, har han no stått i denne jobben i ca. 35 år. Han må difor kunne reknast som ein av pionerane i feltspatdrifta på Sørlandet. Ca. 100 000 tonn feltspat og kvarts har Elias Jerstad på ein eller annan måte vore med og drive ut or fjella. Han har vore aktivt med i arbeidet i ca. 20 gruver. Og som oppsynsmann i NFK har han hatt eit arbeidsfelt som omfattar over 100 gruver. Det finst vel ikkje ei feltspatgruve av noko verdi på heile Sørlandet som ikkje Elias Jerstad veit om. Det seier seg sjølv at han med åra har tileigna seg stor fagkunnskap på området. Han spurde seg ein gong til råds hjå ein professor i mineralogi i noko som vedkjem feltspaten, men fekk dette svaret: - Du som har arbeidt så lenge i feltspaten veit meir om dette enn eg gjer. Ved nye funn av feltspat anten det er nær eller langt borte vert Elias Jerstad send bod på. Difor vert det mykje reising for han. Han skal avgjera om funnet har verdi. Og i tilfelle drift må han vere med og planlegga.

Den siste tida Jerstad var i arbeid, var han i Liegruva. Han døydde i 1966. Den siste tida han levde var han på aldersheimen i Hornnes. Knapt nokon i Evje har hatt ein lenger arbeidsdag som gruvearbeidar enn Elias Jerstad.

Kjelder[rediger]