Auensneset

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Auensneset med Mineralparken og Paradis ytterst.

Auensneset er eit nes som stikk ut i innsjøen Breiflå i Otra i Hornnes. På Auensneset ligg Mineralparken.

Ytterst på neset er det ei lita høgde. Denne vart tidlegare mykje kalla «Paradis», og var ein populær opphaldsstad for ungdom i bygda. Vesla Nomeland, som var elev ved Hornnes landsgymnas og seinare vart lærar der, har skrive nokre mykje vakre ord om Paradis i Jol i Setesdal:

Sitat"Paradis" er ei lita slette på ein knaus som skrånar bratt ned mot elva der ho renn brei og still forbi, kransa av vikar og sund, med små øyar og holmar som brot i den vide vassflata. I skyminga vert bålet tent, og glade røyster, lått og trekkspelmusikk lyder i kveldsstilla. Til ergrelse for sume bygdefolk kanskje, som er redde for å få nattesvevnen øydelagt når den glade skare omsider bryt opp utpå morgonsida, - og sjeldan er særleg lågmælde der dei dreg heim kvar til seg for å få nokre timars svevn før neste skuledag. Men for den som er ung og glad er det velsigna å få lufte vinteren ut av kroppen, danse seg gjennom ei kort vårnatt frå sola går ned, og blå skumring kviler over Paradis, til himmlen raudnar over åsane i aust og varslar ein ny dag.Sitat
– Vesla Nomeland

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...