Austad - ei sogerik bygd

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Austad - ei sogerik bygd er eit kåseri Svein Hovet heldt i radio.

Den vesle Austad-bygda på austsida av Otra i Setesdal har gjennom tidene skapt mykje kulturhistorie. Her har stått fram mange sermerkte kunstnarar som har gjeve verdifulle tilskott til dalens kultursoge. Det er ting som tyder på at Austad høyrer til dei aller eldste bygder i dalen, så her er det gamal grunn å bygge på. Som fleire andre stader i dalen var her Skeidvoll, og namnet minner om den store festdagen dei hadde om hausten etter at onnearbeidet var unnagjort. Der skulle dei kappride på hestane sine for å finne ut kven som hadde den beste hesten, og etterpå skulle karane ta ryggtak for å finne ut kven som var sterkaste karen. Ein slik dag var det nok av konfliktstoff, og vi må ikkje tru at det gjekk så fredeleg for seg. Dette med å kappride på hestar er altså ein gammal sport, som ennå er i bruk, men når vi ser på kappriding i dag, så er det vel noko annleis enn det som gjekk føre seg på den gamle skeidvollen, endå om føremålet er det same, å finne ut kven som har raskaste hesten.

Det er leitt at vi veit så lite om den vesle stavkyrkja på Austad. Truleg var den av same alder og storleik som stavkyrkjaBjørgum i Hylestad, men det finst ikkje bilete av desse kyrkjene som kan fortelje korleis dei såg ut. Det einaste som finst att er portalane frå stavkyrkja i Hylestad, som er eit kunstverk i seg sjølv. Det skulle også vere nokre vakre dørskier i stavkyrkja på Austad som var laga av sjølve Harde-Aslak, då han hadde rømt opp i kyrkjetårnet, og fann einsemda for stor. Det heiter at desse dørskiene var eit mykje fint arbeid, så kanskje det budde noko av ein kunstnar i Harde-Aslak, også endå han vart vel mest kjend for heilt andre ting.

Ein av dei største kunstnarar i dalen på det musikalske området var Tarkjel Aslakson Austad som var fødd i 1803. Alt i sin første barndom fekk han læra spel av ein gamal spelemann som heitte Tallak Haslebakken, og som endåtil var morbror hans. Men felemakarkunsta var det visst ennå skralt med på denne tida, for det heitte at Tarkjell og Eivind Ose hadde fele med taglstrenger, og dei sat i sauehuset og spela, så der var nok dei som ikkje likte å høyre på musikken inne i stova.

Etter alt det som vert fortald om Tarkjell, må han ha vore eit menneske med eit uvanleg finstilt kjensleliv - slik kunstnarar ofte har. Han kunne spela så gamle folk gret, eller gøymde seg bort for å løyna kjenslene sine, og han kunne spele så folk dansa seg mest i hel. Det finst mange døme på det. Tidleg ein morgon sat han og spela for nokre framandkarar som var komne eins ærend for å høyre han. Ein bygdemann kom framom med hest og slede, skulle til fjells etter høy. Då han høyrde feletonane, greidde han ikkje å gå framom, han måtte inn, og der tok han til å danse med ein slik villskap at ingen hadde sett maken. Tarkjell spela så heile huset tyktest leve.

Det heiter at Tarkjell hadde eit både vakkert og sterkt spel, det var vel grunnen til at han vart henta til bryllaup og gjestebod over alt i dalen, og bare 24 år gamal kappspela han med sjølve Myllarguten i eit bryllup på Stavenes i Bykle - og vann. Men han var også ein nyskapar av musikken i dalen, han bygde ut dei gamle, enkle slåttane, og gav dei ei betre form.

Dette med kunstnarevner i ei eller anna lei går gjerne i arv, slik var det også med den store sogemannen Olav Eivindson Austad, som var fødd i 1843. Båe foreldra hans var svært glade i soger, men faren døydde før Olav var vaksen, så etter han hugsar vel ikkje Olav så mykje. Men mora fortalde ofte soger til ungane sine, og det var etter henne sogemannen hadde det meste av sogeskatten sin - over femti soger. Sjølv sa han ein gong at han kunne hatt dobbelt så mange, om han berre hadde høyrt vel etter det som mora fortalde, så ho må ha site inne med ein veldig sogeskatt. Det er reint utruleg korleis dei kunne minnast så mange soger, men det hjelpte vel mykje at dei ofte vart fortalde.

Då Olav Eivindson Austad vaks opp, var det vanleg skikk at folk gjekk til kvarandre om kveldane, og sat røda og fortalde om så mange ting. Så slipte dei knivar og bytte knivar og prøvde i vedskiene kven som hadde den kvassaste kniven. - «Slipesteinen kom alli o' stoga der me såte», sa sogemannen ein gong. Det var ei lykke at Torleiv Hannaas skreiv opp alle sogene etter Olav Eivindson Austad, for i våre travle dagar er det vel ingen som hadde tid til å gå og minnast femti soger - dei ville ha gått i gløymsla om dei ikkje var oppskrivne.

Framleis er det kunstnarar på Austad, der er både kvedarar og dansarar og spelemenn, og lat oss vona at ungdomen som veks opp vil ta vare på tradisjonar og kulturarv.

Kjelde[rediger]