Aslak Kjebekk

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Aslak Kjebekk
Født: 18. august 1908
Død: 14. februar 1988 (79 år)

Aslak Kjebekk (fødd 18. august 1908, død 24. februar 1996) var gruvearbeidar i Flåt nikkelgruve til den vart nedlagd i 1945, Sidan hadde han fleire jobbar før han i 1955 fekk arbeid på Evjemoen, der han var til han vart pensjonist.

Far min[rediger]

I Jol i Setesdal 2018 har Erik Kjebekk ein artikkel om Aslak Kjebekk som vi har fått til Setesdalswiki.

I fotefara til gruvearbeidarane[rediger]

Ein fager sommardag var eg på veg etter ein gamal gruvesti over til Haugen. Som ung gruvearbeidar gjekk far min på denne stien. Dag etter dag, seks krevande arbeidsdagar i veka gjekk han vegen frå Kjebekk til Nikkelgruva og heim att i alt slags vêr. Om vinteren brukte han ski. Sjølv om han var ung og sprek, måtte heimvegen mang ein gong falle tung for han som i fleire år gjekk her etter ein slitsam arbeidsdag. Då han i 1932 gifta seg og etter ei tid flytte til bror sin på Sindremoen, var vegen opp Oddekleiva til Gruva også tung. Men fleire gruvearbeidarar hadde lenger arbeidsveg enn far min, det tala han stundom om.

Eg er på veg etter den gamle Allmannavegen frå Odde til Haugen, Bjorvatn og austetter. Eg gjekk heimanfrå på Tveit i Flatebygd til Øvre Landsverk. Her budde i mange år bergverksingeniørar på Flåt Nikkelgruve som ligg berre fem seks hundre meter nordvest for Landsverk. Den mest kjente bergverksingeniøren som budde der, var utan tvil Steinulf Smith-Meyer. Han budde på Landsverk saman med huslyden sin frå 1929 til 1943. I paktarbustaden like bak hovudhuset budde familien Stokkeland. Frå tidleg på 1950-talet flytta dei over i hovudbygningen. Det var ein stor og staseleg bygning med ein vakker hage. Gruveselskapet hadde jamvel fast gartnar i mange år då Smith-Meyer budde der. No ser ein berre tuftene etter husa på Landsverk.

Frå Landsverk tok eg gangstien bort til Allmannavegen, eller postvegen som denne vegen visstnok også vart kalla. Eg kryssa over denne gamle vegen som i mange år var hovudferdselsåra austover mot Arendal. Så tok eg gangstien opp på det som vert kalla Dansarberget. For om lag hundre år sidan samlast mange ungdomar seg på her til dans, leik og moro. Plassen ligg vakkert til med utsyn mot Otradalføret. Eg gjekk attende til Allmannavegen og fylgde den over åsen mot Haugen.

Dagen var varm og vakker, sola skein frå ein skyfri himmel slik ho stort sett dagleg har gjort i sommar. Eg snudde før eg kom ned til Haugen og vende heimover att. Då eg var komen om lag midtvegs mellom Haugen og Landsverk, stod eit skilt som viste stien mot Landsverkplassen og Nikkelgruva. Eg fylgde denne stien. For meg vart turen spesiell. Eg kom som nemnd ovanfor, til å tenkje på far min som altså fylgde stien frå Allmannavegen bort til Landsverk gard og vidare til Gruva. Far min hadde fortalt Gudny Gautestad at han gjekk om gardstunet på Landsverk, for han meinte den vegen var stuttast Ofte gjekk han saman med andre arbeidarar som budde på Åmland, Åneland og Haugen. Eg vil tru at han måtte take ut frå Kjebekk om lag ein time før skiftet begynte om han skulle nå fram til rett arbeidstid. All sin dag likte far min å vere ute i god tid når han skulle ut ein stad.

Far fekk silikose[rediger]

Eg gjekk og tenkte på den krevande arbeidsplassen han hadde i unge år og som gav han ein helseknekk for livet, ein helseknekk som mange av gruvarbeidarane fekk. Eg tenkjer på silikosen, lungesjukdomen som kom av alt borestøvet som la seg i lungene og førte til at mange gruvearbeidarar vart tungpusta. Trass i at gruvedrifta var farleg, var likevel far min glad då han fekk arbeid på Gruva i 1927. Han fortalde meg at då gruvedrifta starta opp att etter å ha ligge nede sidan 1920, møtte han 27. september 1927 saman med Mikal og Simon Hornnes fram på «Planen», som han sa, for å spørje etter arbeid. «Planen» er der vegane frå Odde og Flatebygd møtest. Der møtte dei stiger Østerhus som sa at dei kunne begynne som steinlastarar (fordrarar) nede i gruva med ein gong. Det var eit svært tungt arbeid. Men etter det eg har høyrt av andre, var far min ein kraftig og sterk mann. Så eg trur han greidde det tunge arbeidet godt.

Etter ei tid fekk han arbeid som minerar. Både i arbeidet som fordrar og minerar hadde arbeidarane akkord, difor heldt dei eit høgt tempo, sjølvsagt for å tene mest mogeleg. Han nemnde ein gong at han lærde av dei to brørne sine, Stor-Olav og Lisle-Olav, som var eldre enn han, korleis han skulle bore og sprenge ei salve. Dei to brørne hans hadde arbeidd som minerar før drifta vart innstilt i 1920. Då drifta starta opp att i 1927, var dei tre brør som arbeidde som minerarar i Nikkelgruva.

Steinlasting var eit svært tungt arbeid, minering var kanskje noko lettare. Men det var svært usunt arbeid der dei stod og turrbora utan maske for munn og nase. Ofte dreiv dei i stigorter. Dei måtte då bere bor hammaren, bora, slangane, stigar og andre ting med seg, før dei sette i gang sjølve boreprosessen. Då far min dreiv som minerar, var det vanleg å bruke trykkluft som mata inn bora, det letta arbeidet for minerarane. Men stundom måtte dei «slå inn ein engelskmann», som dei sa. Då bora dei over hovudet. Det måtte vere eit utruleg tungt arbeid!

«Gruva gav – gruva tok»[rediger]

Tre brør frå Kjebekk arbeidde altså i Nikkelgruva. Dei var glade for at dei hadde arbeid. Me talar gjerne om dei harde trettiåra. Og det gjer me med rette. Men her i Evje var tjugeåra vanskelegare. I Nikkelgruva som hadde skaffa arbeid til så mange, var det stille. Feltspattdrift sysselsette ein del arbeidarar. Far min køyrde feltspatt frå gruva på Høgetveit. Han arbeidde også ei lita stund i Bråstad-gruva ved Arendal. Det hjelpte sjølvsagt då Feltspattkompaniet vart etablert i 1913. I 1920 var ikring 100 mann sysselsette i feltspatdrifta. Likevel gjekk mange arbeidarar i desse åra arbeidslause med «nevane knytta i lommene» som det vart sagt.

Men prisen som dei tre brørne på Kjebekk måtte betale for arbeidet dei hadde i Nikkelgruva, var høg. Stor-Olav omkom i rasulykke i Gruva i 1942. Om denne fortel Olav Arne Kleveland i kurtursoga for Evje og Hornnes: «Så er me komne fram til året 1942. Det året blei Olav Erikson Kjebekk ihelslegen i Flot gruve, og det blei siste dødsulukka der.

Ulukka skjedde 4. juli 1942, ein laurdag føremiddag. Olav Kjebekk og Ånund Åsen var mellom stordrivarane i gruva. Dei arbeidde i gamlegruva, og det siste dei skulle gjere før dei tok frihelg, var å sprenge ei stor salve. Som dei ærekjære minerarane dei var, måtte dei sjå korleis salva hadde gjenge før dei gjekk heim. Dei kom ut på ei blokk, som begynte å rase. Olav blei treft av ein stein i hovudet og døydde på staden. Ånund slapp frå ulukka med ein øydelagt fot.

Om ulukka fortalde Tellef Gautestad mellom anna: «Så begynte det å bli ras på steinen. Og dei fekk ikkje trekt seg tilbake, og det blei uhyggeleg reise. Ho rasa ikkje fort røysa, men jamt og sikkert nedover. Så rulla steinen, store svære blokker rulla. Ein høyrde Ånund Åsen skrike, eit uhyggelig skrik. Han var på veg nedover i denne steinrøysa. Lampene slokna, og han blei i mørket der. Dei var kvar på sin kant han og Olav Kjebekk.» Olav Kjebekk d.e. var fødd i Evje i 1890 og etterlet seg kone og 10 born. Om Olav skreiv Fædrelandsvennen: «Olav Kjebekk var en av Raffineringsverkets eldste og dyktigste minører som nøt den største tillit både blant sine over- og underordnede».»

Far min, Aslak, var på arbeid den dagen bror hans omkom. Men han fortalde ein gong at han ikkje var med då gruvearbeidarane fekk Olav og Ånund ut or gruva. Bror min, Odd, sa at han hugsa då far kom springande heim og fortalde at Stor-Olav hadde mista livet i ei rasulykke.

Når det var dødsulukke på Gruva, sette gruveleiinga i gang ei kraftig sirene som dei tydeleg høyrde i Flatebygd. Då vart naturlegvis særleg konene redde: –Er det min mann, er det min son som nå er død? Slik tenkte dei og sa dei mang ein gong. Den spenninga måtte konene leve med. Stor Olav var den siste som omkom i Nikkelgruva. 19 mann miste livet i gruvedrifta. Olav Arne Kleveland skriv med rette: «Gruva gav – gruva tok.» Sigmund Monen har i sitt monumentale tre-bands-verk om Nikkelgruva og anna gruvedrift i Setesdalsregionen ei langt breiare framstilling av ulukka då Stor-Olav miste livet.

Flåt Nikkelgruve nedlagt i 1945 – til nye arbeidsplassar[rediger]

I 1945 vart Flåt Nikkelgruve nedlagt. Nikkelinnhaldet i malmen var så fattig at vidare drift ikkje var lønsam. Dessutan hadde tyskarane under krigen krevd intensivering av drifta. Sjølv om den dyktige og myndige bergverksingeniøren Smith-Meyer visstnok hadde harde diskusjonar med tyske bergverksingeniørar mot å drive rovdrift i gruva, måtte han trekke det kortaste strået mot overmakta. Bergfeste som inneheldt nikkel, vart skoten ned. Det var dermed farleg å halde fram med drifta. Far min var med på å støype att loddsynken som er vel 400 meter djup.

Kva skulle far min gjere no? I 1947 kjøpte han eit lite gardsbruk på Åvesland av Thor Lislevand. I mange år dreiv han garden attåt anna arbeid. Mor mi måtte take seg mykje av arbeidet i fjøset. Sjølv om far var vand til gardsarbeid frå heimen på Kjebekk, trur eg snautt han var nokon dyktig gardbrukar, slik bror hans Anders som budde på Haugen, var. Heller ikkje låg snekkering for han. Gardshusa på Åvesland var gamle og dårlege og trong oppussing. Men far var ingen snekkar, han var ein grovarbeidar og slitar. Nokre år før og etter 1950 måtte far ut på forskjellige anlegg, Han var nokre månader på Rjukan, i Lysebotn, på Ivelands-anlegget, i drift etter uran i Einerkilen og på Hannås.

På desse stadane arbeidde han anten på verkstaden eller køyrde heisen. Etter 1936 fekk han ikkje lov til å arbeide lenger inne i ei gruve på grunn av silikosen. Han arbeidde på verkstaden i Nikkelgruva til gruvedrifta vart nedlagt der i 1945. Før han i 1955 fekk arbeid på bilverkstaden på Evjemoen, hadde han i nokre få år arbeid på verkstaden hos Bjarne Nilsen og seinare hos Olav Reiersdal. Sjølv om han arbeidde som hjelpearbeidar på bilverkstaden på Evjemoen, var han ingen bilmekanikar. Eg trur helst det var sveising, skifting av dekk og slike ting han dreiv på med. Men på Evjemoen hadde han det greitt. Han var takksam for at han fekk arbeide der til han vart pensjonist. Eg hadde inntrykk av at han fann seg godt til rette mellom arbeidskameratane.

Kåre Hodne har fortalt meg at han ein gong høyrde ordførar og stortingsmann Torvald Haavardstad i ein tale nemne at det var ei lukke for Evje at sjølv om ein del arbeidarar flytte frå Evje kort tid etter krigen, vart mange av arbeidarane frå Gruva og Verket buande med familiane i kommunen etter at drifta vart nedlagt i 1945. Mange arbeidarar fekk som far min arbeid ved forskjellige anlegg. Dei pendla, som me vil seie i dag. Ofte var dei heimanfrå i fleire månader. Eg trur far min var i Lysebotn frå januar til påske. Men Evje fekk skatteinntektene, og dei var viktige for kommunen. Og på mange av anlegga tente arbeidarane godt. I Flåt Nikkelgruve var inntektene låge.

«Handi hans far min var sliti og hard»[rediger]

Av dei tre brørne som alle var minerar i Nikkelgruva, miste altså Stor-Olav livet i 1942. Lisle-Olav som var fødd i 1900, var så hardt merkt av silikose at han arbeidde lite etter 1945. I 1970 døydde han, broten ned av silikose.

Far min døydde i 1996 på min femtiårsdag. Han vart mest 87 år gamal. Men dei siste åra han levde, kunne han snautt gå over golvet før han heiv etter pusten, øydelagt som lungene var av silikose og noko tuberkulose. Dr. Lars Håberg var far min til god hjelp i mange år. Det tala far min mange gonger om. Far min, eller pappa som me brukte å seie, vart ein kristen i 1944. Det valet han den gongen gjorde, trega han ikkje på. Samstundes var han på mange måtar det faste haldepunktet i heimen. Eg sat hos han på Evjeheimen då han drog sitt siste andedrag. I gravferda siterte eg Anders Hovden sitt innhaldsrike dikt om sin far. Dette diktet høver så fint også om min far, tykkjer eg. Eg siterer den første strofa:

«Handi hans far min var sliti og hard
og skrukkut som gamalt horn,
ho fekk si bragd på den magre gard
i træling for kona og born.»

Kjelder[rediger]