Valle (tettstad)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. desember 2019 kl. 09:36 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Språkpuss)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sæbyggjen er blitt eit markant signalbygg i Valle sentrum.
Valle sentrum 7. september 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Valle (Valle sentrum) er ein tettstad og kommune- og administrasjonsenteret i Valle kommune. Valle sentrum oppfylte lenge ikkje kriteria til Statistisk Sentralbyrå for å bli rekna som ein tettstad. Men i statistikken per 1. januar 2016 var Valle sentrum med, og hadde 289 innbyggarar. Per 1. januar 2018 var talet auka til 298. I 2019 fall Valle sentrum ut av statistikken igjen.

I Valle sentrum ligg mellom anna Valle kommunehus, Valle kyrkje, Valle frikyrkje, Bergtun Hotell, bensinstasjon, Valle Sparebank og ei stor mengde forretningar. Mellom desse er det nye Valletunet med Coop Prix Valle og Nordibø Landhandel. Her er også vidaregåande skule og barne- og ungdomsskule, kultursenter, alders- og sjukeheim samt idrettshall og kunstgras- og friidrettsbane. I 2018 opna det kombinerte biblioteket og kyrkjestoga Sæbyggjen.

Sjå også

Kjelder

Kart

Laster kart...