Skjerkevegen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. april 2015 kl. 11:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Skjerkevegen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skjerkevegen er ein 10 km lang gards- og skogsbilveg på Uleberg i Dåsvannsdalen i Evje og Hornnes kommune. Han vart bygd i 1973.

Vegen startar frå Fv-302 ved Uleberg nede i Dåsvannsdalen og går nord-austover i heia fram til Vassendvatnet. Frå Uleberg-gardane er det ganske bratt stigning eit par kilometer. Ved inntaksdammen til Uleberg kraftverk flater terrenget ut. På vestsida av vegen reiser den særmerkte fjelltoppen Svaba seg. I same området ligg også den svære Hunsfossen. Vidare innover i heia følger vegen i store trekk elva Skjerka. Før ein kjem til enden av vegen ved Vassendvatnet passerer ein Mykestølvatn og Romedalsvatn.

Det er nokre fritidsbustader langs vegen, flest ved Vassendvatnet.

Kjelder