Hunsfossen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Hunsfossen rett nedanfor inntaksdammen til Uleberg kraftverk. Foto: Geir Daasvatn
Hunsfossen er ein svær foss i elva Skjerka rett aust for Uleberg i Dåsvannsdalen i Hornnes. Her stuper Skjerka i fleire trinn ned i ei djup bekkekløft. Fleire av dei øvste trinna i fossen har ei fallhøgde på meir enn 10 meter. På ei strekning på 700-800 meter er den samla fallhøgda om lag 110 meter.
Skjerka-vassdraget vart regulert alt i 1912, då Gyvatn blei demd opp. Vassføringa i Hunsfossen vart då kraftig redusert. Agder Energi har frå 2006 utnytta Hunsfossen til kraftproduksjon i Uleberg kraftverk, og vassføringa i fossen har etter det blitt endå noko meir redusert.
Kjelder
- Olav Bø, Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, 1991, side 153