Sigrid Kallhovd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. januar 2015 kl. 09:02 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (→‎Heider: rettet tegnsetting)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigrid Nomeland Kallhovd (fødd 16. september 1966) er konsulent og leiar av ekspedisjonen på Setesdal vidaregåande skule, avdeling Hornnes. Ho kjem opphaveleg frå Valle. Men ho har busett seg i Hornnes etter at ho var ferdig med skulegongen, og bur saman med ektemannen Torbjørn Kallhovd i Valhall.

Sigrid Kallhovd har vore sterkt engasjert i frivillig arbeid heile sitt vaksne liv. Ho var leiar i fotballgruppa i Otra IL i 2003-2004, og var den første kvinnelege leiaren av gruppa. Etter dette engasjerte ho seg sterkt i arbeid i handballgruppa. I 2009 var ho sjef for kafedrifta under Landsskytterstevnet 2009, eit kjempesvært arbeid som var eit felles dugnadsprosjekt mellom fotballgruppa og handballgruppa.

Heider