Lauvdal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 20. oktober 2016 kl. 10:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivemåte Øynesodden)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjoren seglar forbi Lauvdal
Foto: Reidar Tveito
Lauvdal, med husmannsplassen Hagen lengst til venstre i bakgrunnen
Foto: Reidar Tveito

Lauvdal er ei grend ved riksveg 9 i Bygland, om lag seks km sør for Bygland kyrkje. Lauvdal ligg i sørhallet ned mot Byglandsfjorden og er eit prioritert kulturlandskap i kommunen. Området høver godt for landbruk, men det er bare att to aktive bønder i grenda. Lengst nord i Lauvdal ligg husmannsplassen Hagen, som Setesdalsmuseet eig.

Fornminne

Det er funne fleire fornminne i området, mellom anna ein spydspiss med sølvinnlegg. I området ved Øynesodden ligg det to gravrøyser. På Lauvdalsodden er det eit heilt felt med gravrøyser. Fem er rundhaugar. Den sjette, den største, er ein langhaug som er ca. 30 meter lang og dominerande i landskapet. I følge segna skal denne svære røysa ha blitt bygd som vern mot Olav den Heilage.

Eksterne lenker