Husmannsplassen Hagen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Husmannsplassen Hagen i 2015.
Hagen 26. desember 2016.
Foto: Geir Daasvatn

Husmannsplassen Hagen (gnr 51 bnr 18) ligg lengst nord på Lauvdal i Bygland, ved den gamle trasèen til Rv-9 gjennom bygda. Plassen blei fråflytta rundt 1978, og har fått stå urørt sidan. Frå 1984 er han ein del av bygningsmassen til Setesdalsmuseet. Eigarskapen er delt mellom Setesdalsmuseet og Bygland Tun (Bygland kommune).

Husmannsskipnaden hadde eit stort omfang i delar av Setesdal. Hagen på Lauvdal er ein av dei få stadene der ei husmannsstoge er teken vare på i sitt opphavelege miljø, utan ombygging m.m.

Historie

Hagen var husmannsplass under Nedre Nordgarden, og høyrde til bruket Nordli. Det gjekk eit svært ras frå Ørnenapen ca. 1793. Mykje av den dyrka jorda i Nordgarden blei øydelagt av raset. Men den lille jordflekken som blei til Hagen, blei liggande igjen midt i ura.

Pål Gunsteinson Lauvdal (fødd 1839) skal ha vore den første som bygsla Hagen. Han blei i 1871 gift med Gunhild Jonsdotter Krosstog (fødd 1846). Eitt av borna deira var Gunnhild Pålsdotter Lauvdal (1876–1950). Ho var fødd i Hagen. Bror til Pål, Saave Gunsteinson Lauvdal (fødd 1853) overtok Hagen og sat med plassen til han døydde i 1942. Saave var gift med Gunhild Sjølluvsdotter Lauvdal (fødd 1860). Eitt av borna deira, Gunstein S. Lauvdal (fødd 1897), blei verande i Hagen etter foreldra sine. Han var vegvaktar i Bygland, men blei buande i stoga i Hagen heilt til han flytta til Byglandsheimen i høg alder (ca. 1978). Anne Hagen Skjeggedal var også fødd i Hagen. Ho var borneborn til Saave og Gunhild.

I nokre kjelder heiter det at Hagen blei fråflytta på 1960-talet. Men i eit intervju med Gunstein i Setesdølen ca. 1982 er det opplysningar som tyder på at han har budd der mykje lenger, til fram mot 1978.

Kjelder

Eksterne lenker