Kulturminner ved Gyvatn og Evje øst, Vest-Agder og Aust-Agder

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 16. desember 2015 kl. 18:13 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bokomslaget.
Gardsbruket Koland i Åseral med Gyvatn i bakgrunnen. I desse traktene fann ein i 1983 spor etter folk heilt tilbake frå eldre steinalder.

Kulturminner ved Gyvatn og Evje øst, Vest-Agder og Aust-Agder er ein rapport frå Universitetets Oldsakssamling om arkeologiske undersøkingar som blei gjort i Gyvassområdet og Evje aust sommaren 1983. Gyvatn ligg på heia, i grensetraktene mellom kommunane Åseral, Bygland og Evje og Hornnes. Rapporten er utgjeve i 1984, og ført i pennen av leiaren av prosjektet, Einar Østmo.

Bakgrunnen for undersøkingane var at Forsvaret vurderte å opprette eit artilleriskytefelt i Gyvassområdet, og eit anna skytefelt aust for Evje. Rundt Gyvatn og langs Skjerkavassdraget blei det under undersøkingane registrert i alt 76 buplassar og andre funn frå steinalderen. Det var særleg tette konsentrasjonar ved Koland i nord-vest og ved det gamle utlaupet for Skjerka i sør. Tyngda av funna skriv seg frå yngre steinalder. Men eitt funn, Gyvatn 5, ein buplass på Koland mark i nord-vestre enden av Gyvatn, er nærast visst datert til eldre steialder (5500-4000 f.Kr.). Rapporten gjer nærare greie for alle desse funna, og dokumenterer såleis at det oppheldt seg folk i dette området alt i eldre steinalder.

Kjelder