Koland

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Koland med Gyvatn i bakgrunnen. Mellom husa ser ein Midtstrandknuten stige høgt til værs.

Koland er eit nedlagd gardsbruk ved den nord-vestre enden av Gyvatn i Åseral, i grenseområdet mellom Åseral, Bygland og Evje og Hornnes. Det går bomveg frå Espelid i Åseral inn til Koland og Gyvatn. Eit par kilometer sør for Koland, på vestsida av Gyvatn, ligg Midtstrandknuten, den høgaste fjelltoppen i Evje og Hornnes kommune.

Historie[rediger]

Då det var på tale å bygge artilleriskytefelt for Forsvaret i Gyvassområdet på byrjinga av 1980-talet, blei området undersøkt av arkeologar. Langs strendene av Gyvatn blei det gjort mange funn, med særleg tette konsentrasjonar ved Koland og ved det gamle utlaupet for Skjerka i sør. Tyngda av funna skriv seg frå yngre steinalder Men ein buplass, Gyvatn 5 ved breidda av Gyvatn på Koland si mark i nord-vest, er nokså sikkert datert til eldre steinalder (ca 5500-4000 f.Kr.). Funnet dokumenterer at det alt i eldre steinalder oppheldt seg folk i dette området.[1]

Koland var først støyl under Espelid. I 1881 vart støylen skild ut som eige bruk, og seld til Jon N. Klepp. Etter fleire eigarskifter, kjøpte brørne Hans og Torkjell Dåsvatn Koland i 1897, og busette seg der. Bruket blei delt mellom dei, og dei bygde hus og rydda åker og eng. Seinare selde Torkjell sin part attende til broren Hans. Då han døydde, dreiv sonen Tor Hansson Koland og dottera Jorunn Hansson Koland garden vidare. I 1951 døydde Tor, og Jorunn overtok då bruket saman med sonen sin Eivind. Drifta av garden opphøyrde truleg eingong på 1950-talet. I dag er det ikkje fastbuande på Koland.[2]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...

Referansar[rediger]

<references>

  1. Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, side 29-31
  2. Åseral Gard og Ætt, band I, utgjeve av Åseral bygdesogenemnd, 1976, side 409-411