Kleggetveit (Evje og Hornnes gnr. 46)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. april 2020 kl. 22:49 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kleggetveit 3. april 2020.

Kleggetveit er ein gard (gnr. 46) på heia ca 4 kilometer aust for Evje sentrum i Evje og Hornnes. Ein kjem dit ved å følge Arendalsvegen forbi Galteland, og straks deretter ta mot sør mot Åmland. Nabogard til Kleggetveit i nord-aust er Åmland. Mot nord-vest ligg Kjebekk. Mot vest ligg Høgetveit. Mot sør grensar garden mot Skjeggestad.

Opphavet til gardsnamnet er uklart. Det kan kome frå insektnamnet klegg. Men det kan også kome av kleggi, høystakk.

Saman med nabogardane Kjebekk og Skjeggestad ligg Kleggetveit innafor honnstavane til Åmland, og dei låg øyde under denne garden etter Svartedauden.

Kjelder

Kart

Laster kart...