Skjeggestad (Evje og Hornnes gnr. 47)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skjeggestad er ein gard (gnr. 47) på heia ca 4 kilometer aust for Evje sentrum i Evje og Hornnes. Ein kjem dit ved å følge Arendalsvegen forbi Galteland, og straks deretter ta mot sør mot Åmland. Nabogard til Skjeggestad i nord-vest er Kleggetveit. Mot nord-aust ligg Åmland. I sør-vest grensar garden mot Høgetveit.
Det skal vere 13 gardar med dette namnet frå Oslofjorden til Boknafjorden. Oluf Rygh meiner det kjem av mannsnamnet Skeggi eller Skeggr. Men den lokale gardkjennaren Oddmund Mogstad tykker og det er freistande å tenkje på det som eit tilnamn.
Saman med nabogardane Kleggetveit og Kjebekk ligg Skjeggestad innafor honnstavane til Åmland, og låg øyde under denne garden etter Svartedauden.
Kjelder
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Evje, artikkel i Arnstein 2008, side 34-35