Harald Haugland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. april 2024 kl. 20:59 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (engelsklinja)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald HauglandSymbol confirmed.svg
Harald Haugland 03Wcr.JPG
Foto: Siri Johannessen (2010)
Født: 18. august 1947 (76 år)

Harald Haugland (fødd 18. august 1947 på Ålgård) var lærar i Valle Vaksenopplæring frå 2002 til han vart pensjonist i 2016. Han er son til Henrik Haugland og Gurina Haugland og er gift med Reidun Haugland, dei har fire barn, Helge Haugland, Rønnaug Haugland Lyckander, Margunn Haugland og Sigmund Haugland. På grunn av buplikt bur dei i Mandal, og Harald var vekependlar til Valle dei siste åra før han pensjonerte seg i 2016.

Før han kom til Valle, arbeidde Harald Haugland som rektor på Hadsel Folkehøyskole på Stokmarknes i Vesterålen i 15 år. Før det var han redaktør for vekeavisa Fiskerens Venn i Den indre Sjømannsmisjon frå 1972 til 1976.

Harald Haugland gjekk på Sandnes gymnas frå 1965 til 1966. Deretter gjekk han eitt år på Bibelskolen i Oslo. tok lærarutdanning på engelsklinja ved Stavanger Lærarskole frå 1969 til 1971 og tilleggsutdanning i norsk før han vart redaktør for Fiskerens Venn. Ved sida av arbeidet der tok han kristendomskunnskap grunnfag på Norsk Lærerakademi. Han har også datautdanning for lærarar gjennom NKI-skolen og årseining i norsk som andrespråk frå Høgskolen i Agder.

I 1991 vart Harald Haugland avdelingsleiar for kyrkja i Valle kommune, men i 1993 begynte han som ungdomsskolelærar på Valle skule. Eitt år var han rektor på Hylestad skule, og frå 2002 til han vart pensjonist, arbeidde han saman med Øystein Berg i vaksenopplæringa i kommunen.

Verv

Eksterne lenker