Valle Vaksenopplæring

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Det gamle kommunehuset i Valle. Valle Vaksenopplæring held til i 2. etasje.
Foto: Harald Haugland
.
Nokre av elevane i Øystein Berg sin klasse våren 2011.

Valle Vaksenopplæring driv opplæring i norsk i to klassar for vaksne innvandrarar til Valle kommune. Skulen held til i det gamle kommunehuset i Valle og har to tilsette lærarar, Øystein Berg og Harald Haugland. Andreas Veiersted tok til som lærar der 1. august 2016 og Harald Haugland vart pensjonist 31. august 2016.

Gjennom åra dette tilbodet har vore i Valle, har ein hatt elevar frå Iran, Irak, Afghanistan, Tsjetsjenia, Burma, Peru, Polen, Latvia, Nederland, Marokko, Thailand, Taiwan, Litauen, Syria og Eritrea og andre land. Dei fleste tek Norsk språktest, men gjennom åra har det og vore nokre som har teke Norsk språktest - Høgare nivå, den såkalla Bergenstesten.

Opplegg[rediger]

Skulen har nytta Godt sagt for elementær innføring, deretter brukte ein verka Klar for Norge og Norsk nå! Til 2011 brukte ein Ny i Norge 1 - 4. Men frå 2015 tok ein i bruk På vei og Stein på stein. Då det ikkje er råd å få lærebøker på nynorsk, har ein nytta bokmål som undervisningsspråk, men våren 2016 vedtok Valle kommunestyre at undervisninga skal vere på nynorsk. Det vil nok vere aktuelt med ei overgangsordning, for elevar som har starta på bokmål, vil fullføre på denne målforma.

Elevane kan ta «Norsk språktest» som fullføring av opplæringa. Undervisninga ved Valle Vaksenopplæring er gratis, fleksibel og tilpassa elevane sine behov, og ikkje bare flyktningar, men også arbeidsinnvandrarar kan få plass i dei to klassane.

Undervisningstid var måndag til fredag frå 08.30 til 12.00 fram til mars 2015. Då vart undervisningstida endra slik at elevane var på skulen frå 8.30 til 14 frå måndag til torsdag, men fredagane vart nytta til språkpraksis på bedrifter eller i kommunal samanheng. Ein fylgjer grunnskulen si skulerute.