Bjarne Tveiten

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. mai 2009 kl. 11:07 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (orto)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjarne Tveiten (fødd 1942) er fødd og oppvaksen i Breive i Bykle kommune. Han tok examen artium på Hornnes landsgymnas og deretter lærarutdanning i Kristiansand. Deretter var han lærar i Alstahaug i Nordland i åtte år. I 1974 begynte han som lærar i Bykle og heldt fram der til 2006, då han vat pensjonist.

Han har vore bokmeldar i Fædrelandsvennen og gjennom åra meldt særleg ungdomsbøker for avisa. Han var initiativtakar til å få etablert Bykle Radio og var redaktør for denne også etter at sendingane frå Bykle var redusert til eit minimum. Gjennnom åra er det blitt ei rekke artiklar i Dag og Tid, Jol i Setesdal, Norsk skoleblad og andre blad og tidsskrift. Han har også halde mange kurs i lokalkunnskap.

Saman med Egil Torin Næsheim, Per Breivegen og Bjørnar Mørenskog medverka han til å utvikle det store kartmåleriet som Egil Torin Næsheim måla for Hovden Fjellstoge. Dette arbeidet inspirerte han til å skrive boka Underet i Breive som vart illustrert av Egil Torni Næsheim.

Han har representert Bykle SV i Bykle kommunestyre.

Bibliografi

Bøker

  • Underet i Breive 2006 ISBN 82-997447-0-9

Artiklar