Hopp til innhald

Tysdagssending Valle Radio 20110308

Frå Setesdalswiki

Tysdagsprogram 8. mars 2011 viser programmet for tysdag 8. mars 2011 i Valle Radio. Harald Haugland var ansvarleg for sendinga.

Program

18.00 Kvarteret

Etter intro tek vi ein telefon til Bergtun der Ronny Stavsholt er for å rapportere frå arrangementet på Kvinnedagen 2011. Det er smekkfullt i kveld, seld 40 billettar og så er det 10 arrangørar, til saman 50:

  • Grete Fossen var den første representanten. Ho representerer Hasla og skal syne vårkolleksjonen Lotus.
  • Merete Austad driv firmaet mshop.no som skal selje dameklær. Dei startar i løpet av mars, men opnar butikken neste laurdag. Ho skal selje markeklær for jenter frå 20 til 40. Ho har ikkje drive med slikt før, så det er spennande å starte.
  • Tina Høgevold driv Bleieboden.
  • Randi Gåserud Myrum frå Setesdal Husflidsentral synest det er flott å støtte arrangementet, men dei stiller ikkje ut noko i kveld.
  • I dei indre gemakkar fann han kokken Kristine Bjørgum Førde. På menyen står det kylling denne kvelden. Heimebaka brød er også på menyen.
  • Knut Høgevold styrer med kaffe. Latte og cappuchino er mest populært.
  • Lisbeth Dalquist Homme skal ha appellen denne kvelden, ho hadde vanskeleg for å finne parkeringsplassså fullt var det utanfor.

Næringslivet i Valle har mange kvinner som står på for å skape noko.

18.20 Over ein open Bibel

Andakten i kveld er ved sokneprest Tom Martin Berntsen

18.35 Sangkveld

Kveldens gjest er Anny Marie Brokke.

  • Det er makt i de foldede hender med Lage Wedin
  • En port til himlen åpen står som opplesning med personleg minne.
  • Nå er jeg på vei til himlens land med Egil & Arne
  • Takk at du tok mine byrder med Frikirkekvintetten og Else Iren
  • Djube spor med Sigvart Dagsland
  • Kyrie med Bjørn Eidsvåg
  • Doggdråpen med Gunstein Draugedalen
  • Upp gledjest alle, gledjest no med Sissel Kyrkjebø og Odd Nordstoga
  • His eye is on the sparrow Hans Inge Fagervik
  • Velsignelsen med Oslo Gospel Choir

19.40 Møteplassen

Samtaleprogram med Paul Odeh, en kristen araber fra Israel som idag bor i Norge. Han er araber, og ikke palestiner understreker han. Da noen fant ut han var araber og ikke jøde, vasket de hendene etter å ha hilst på han. Hør flere historier om Paul Odeh fra Israel, og hans møte med Norge. Programmet er frå Norea Mediemisjon og programleiar er Ingve Gilje frå Nytt Liv Media i Stavanger.

20.15 Sørlandets Litteraturpris

  • Kutt nr. 13 frå boka Har du hørt... av Johan Chr. Sandvand
  • Informasjon om bokbad på Rysstad 24. mars
  • Informasjon om bokbad andre stader

20.30 Postludium

Niklos K. Besteland har funne musikk i høve Kvinnedagen.

21.00 Kyrkjebakken