Skjerka (Evje og Hornnes)
Foto: Geir Daasvatn
Skjerka er ei elv som kjem frå Gyvatn, som for det meste ligg i Bygland og Åseral. Ho renn gjennom Vetrhusvatnet og Vassendvatnet, og sidan gjennom fleire mindre vatn som Romedalsvatnet og Mykestølvatn. Ho renn utfor Hunsfossen aust for Uleberg, med eit samla fall på over 100 m. Men elva er frå 2006 regulert (sjå Uleberg kraftverk), og vassføringa i Hunsfossen har etter det blitt sterkt redusert. Skjerka renn ut i Dåsåna ved Samkom i Dåsvannsdalen i Hornnes.
Eksterne lenker
Geir Daasvatn sine bilder fra Skjerka på Flickr