Hornnes bygdesogenemnd
Hornnes bygdesogenemd vart vald av Hornnes kommunestyre i 1924. Nemda fekk i oppdrag å samle inn pengar og historisk tilfang, og syte for å få skrive ei bygdesogebok for Hornnes. Nemda hadde i byrjinga tre medlemer: Olav A. Fennefoss, Notto J. Hornnes og Olav O. Uleberg.
I 1928 døydde Notto J. Hornnes. I staden for han kom rektor ved Hornnes landsgymnas, Daniel Danielsen, med i nemda. Danielsen gjorde et svært arbeid og fikk satt opp et manuskript om ættene på kvar gard i bygda. Men han flytta seinare frå bygda, og vart oppteken med å skrive bygdesoge for si eiga heimbygd. I hans stad vart Torgeir Abusdal vald inn i nemda.
Torgeir Abusdal døydde i 1964. I samråd med Olav A. Fennefoss arbeidde då Olav O. Uleberg vidare med boka. Og endeleg - i 1969, 45 år etter at nemda byrja på arbeidet - kunne Hornnes bygdesogenemd gje ut Hornnes I, Gards- og ættesoge.
Kjelde
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd 1969, føreordet