Setesdal Bilruter

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 1. februar 2014 kl. 12:27 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ny artikkel)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Setesdal Bilruter er eit rutebilselskap i Setesdal. Selskapet har hovudkontor på Evjemoen. Dagleg leiar er Terje Greibesland.

Historie

Selskapet vart etablert 12. januar 1920 for å frakte folk og gods frå Ose og oppover i Setesdal. På den tida reiste folk med tog frå Kristiansand til Byglandsfjord og vidare med båt til Ose. Gunnar Rysstad var første styreleiar i selskapet, som då heitte L/L Setesdal Automobilruter. I 1920 hadde selskapet fire kjøretøy. Den første tida gjekk ikkje vegen lenger enn til Berdalsbru. I 1923 var halvtunnelen i Fånefjell ferdig, og etter kvart køyrde Setesdal Bilruter frå Byglandsfjord til Hovden.

I 1952 fekk selskapet hovudkontor på Byglandsfjord med verkstad, administrasjon og plass for overnatting for sjåførane. Ti år seinare vart Setesdalsbanen lagt ned, då fekk selskapet konsesjon på trafikk mellom Evje og Kristiansand. Sidan har selskapet kjøpt opp mindre ruteselskap i Indre Agder. I perioden mellom 1969 og 1974 overtok selskapet Arendalsruta og bygderuter i Froland. Frå 2004 til 2008 dobla selskapet verksemda, mellom anna ved å kjøpe opp Birkeland Busser i 2007.

I 2003 flytta Setesdal Bilruter til Evjemoen. Bygget på Byglandsfjord var blitt for lite, og selskapet overtok verkstadbygg og administrasjonsbygg etter Forsvaret. I 2013 var selskapet nest største rutebilselskapet i Aust-Agder, med 100 kjøretøy og om lag like mange tilsette. I tillegg hadde selskapet 15 undertransportørar. I 2012 var omsetninga 112 millionar kroner.

Sterk ekspansjon

I januar 2014 vann Setesdal Bilruter konkurransen om rutebilkjøring i vestre del av Aust-Agder med eit anbod på 780 millionar kroner i sju år frå 2015. I dette inngår busskjøringa i Arendal, Grimstad, Lillesand, Birkenes og Froland. Selskapet eig og halvparten av det nyoppretta selskapet Agder Buss, som får busskjøringa for same periode i austre del av fylket: Risør, Tvedestrand, Gjerstad, Vegårshei og Åmli. Med dette vil talet på tilsette auke frå 110 til 220.

Aksjonærar

Dei største aksjonærane i selskapet er i januar 2014:

Kjelder