Suleskarvegen
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn

Suleskarvegen er det lokale namnet i Valle på Fylkesveg 337 mellom Nomeland i Hylestad og fylkesgrensa mot Vest-Agder ved Håhellervatn. Vegen er 26,9 km lang. Han er vinterstengt ved Jarnsverk. Av omsyn til reinsdyra på heia kan vegen ikkje opnast før 21. mai.
Vegen tek av frå Riksveg 9 ved Hylestad skule. Den går opp Brokkebakken. I Holtesvingen er det snuplass for buss, der startar Brokkevegen. Oppe på flaten ligg Brokke skisenter og Brokkestøylen på Furestøyl under Løefjell. Deretter kjører ein opp Sitåsen og held fram innover forbi Jarnsverk til krysset mot Evardalen før ein kjem fram til Store Myklevatn.
Kjelder
- Om Fv-337 på Wikipedia
- Alfabetisk liste over alle vegnamn i Valle på heimesida til kommunen
- Vegen opnar 21. mai. Artikkel i Setesdølen nr. 37, 2026 side 3