Leif Kvinlog

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 29. mars 2026 kl. 08:55 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Folkeakademiet Valle)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Leif Kvinlog
Født: 30. august 1954 (71 år)

Leif Kvinlog (fødd 30. august 1954 i Fjotland) var skulefagleg rådgjevar for Bykle og Valle frå september 2011. Han hadde kontor i Bykle. I 2023 blei han pensjonist.

Leif tok lærarutdanning på Notodden, der han var ferdig i 1978. Deretter var han administarsjonslærar på Møsstrond skule i åtte år. I 1986 kom han til Valle som lærar på Valle skule, der han etter kvart vart inspektør. I 1996 vart han rektor, ei stilling han hadde til 2008. Sidan hadde han ulike jobbar, mellom anna var han rektor på Laudal skule i Marnardal eitt år.

Leif Kvinlog har vore sterkt engasjert i Folkeakademiet og var leiar i Folkeakademiet Valle i mange år. Han var også leiar for Folkeakademiet Agder og i 2004 blei han vald inn som styremedlem i Folkeakademienes Landsforbund for fire år. Han stod saman med Inger Aamli for å få i gang Kulturveka i Valle. Han er tildelt Folkeakademienes Hedersdiplom. Han var og engasjert i Valle Radio heilt frå starten. Hausten 2023 tok han over vervet som redaktør for Setesdal og setesdølar, årsskriftet til Setesdal Sogelag.

Etter at han vart pensjonist, flytta han til Kristiansand. Der etablerte han enkeltmannsforetaket Kvinlog Kulturformidling.

Kjelde