Leif Kvinlog

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Leif KvinlogSymbol unrelated.svg
Leif Kvinlog.jpg
Født: 30. august 1954 (70 år)

Leif Kvinlog (fødd 30. august 1954 i Fjotland) var skulefagleg rådgjevar for Bykle og Valle frå september 2011. Han hadde kontor i Bykle. I 2023 blei han pensjonist.

Leif tok lærarutdanning på Notodden, der han var ferdig i 1978. Deretter var han administarsjonslærar på Møsstrond skule i åtte år. I 1986 kom han til Valle som lærar på Valle skule, der han etter kvart vart inspektør. I 1996 vart han rektor, ei stilling han hadde til 2008. Sidan hadde han ulike jobbar, mellom anna var han rektor på Laudal skule i Marnardal eitt år.

Leif Kvinlog har vore sterkt engasjert i Folkeakademiet og var leiar i Valle Folkeakademi i mange år. Han var også leiar for Folkeakademiet Agder og i 2004 blei han vald inn som styremedlem i Folkeakademienes Landsforbund for fire år. Han stod saman med Inger Aamli for å få i gang Kulturveka i Valle. Han er tildelt Folkeakademienes Hedersdiplom. Han var og engasjert i Valle Radio heilt frå starten. Hausten 2023 tok han over vervet som redaktør for Setesdal og setesdølar, årsskriftet til Setesdal Sogelag.

Kjelde