Hylesdalen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 24. mars 2023 kl. 09:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Stokkestøyl i Hylesdalen med Riskefjell bak 15. juni 2018.
Hylesdalen med Hylesdalsåni i forgrunnen.
Foto: Geir Daasvatn

Hylesdalen er eit lite dalføre som går mest parallelt med Setesdal, vest for Otra, mellom Uppstad i Hylestad og Berg i Valle. På vestsida av Hylesdalen ligg Riskefjell. Fjellet mellom Hylesdalen og Flåni heiter Melfjødd. I nord, frå Berg, går Hylesdalsvegen inn i dalen. Frå sør, frå Uppstad, går Syndre Hylesdalsvegen, med Dalstøylvegen, innover i dalføret. Vegane er bomvegar, der du kan betale nokre få kroner og køyre på dei. Men dei står ikkje i samband med kvarandre. Det er såleis ikkje samanhengande køyreveg gjennom heile Hylesdalen.

Gjennom Hylesdalen, frå nord mot sør, renn Hylesdalsåni. Nord i Hylesdalen (Åmli-Hylesdalen) heiter bekken Holtåni. Den gamle ålmannvegen tok opp ved Uppstad, gjekk gjennom Hylesdalen og kom ned ved Åmli i Valle.

Kjelder

Kart

Laster kart ...