Grøssæ

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. januar 2022 kl. 10:14 av Knu-eldh (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Grøssæ er eit stort vatn i Setesdal Austhei (721 moh.), på grensa mellom Bygland og Fyresdal. Lengda er fem kilometer. Arealet er 4,32 kvadratkilometer. Ut av vatnet og sørover til Topsæ renn Grønåne. Grøssæ er såleis ein del av Tovdalsvassdraget. Då det blei drive tømmerfløyting i Tovdalselva, blei Grøssæ regulert med Grøssæstemmen.

Utsikt nordover Grøssæ frå turløypa til AAT over Rjupetoheii i 1979.
Gardefjellet vest for søndre delen av Grøssæ teke frå båt 9 juli 2016.
Søndre Grøssæstøylen teke frå båt 8 juli 2018. AAT løypa går over støylsvollen.
Nordre Grøssæstøylen i 1984. AAT løypa går over støylsvollen.


Turløype

Den merka nord-sørgåande turløypa til Aust-Agder Turistforening (AAT) mellom Bykle og Åmli passerer forbi Grøssæ på austsida av vatnet.

Fornminner

Langs heile Tovdalsvassdraget er det funne spor etter menneskeleg aktivitet frå både eldre og yngre steinalder. Ved Grøssæ er det mellom anna funne ein buplass med restar av steinkol frå eldre steinalder.[1]

Naturreservat

21. juni 2019 blei eit område vest for Grøssæ over Gardefjellet og området sørover mot Topsæ og nordover til Straumsfjorden verna og fekk namnet Gardefjellet naturreservat.

Kjelder

Referansar

  1. Johan Christian Frøstrup (red.), Vandringer i Setesdal Austhei, Friluftsforlaget, 2014, side 257 og side 260-261

Kart

Laster kart ...