Erling Olaus Grosås
| Erling Olaus Grosås | ||
|---|---|---|
| Født: | 1906 | |
| Død: | 9. mars 1939 (alder 32–33) | |
Erling Olaus Grosås (fødd 1906 i Iveland, død 9. mars 1939) var gruvearbeidar ved Flåt nikkelgruve i Evje. Han døydde 9. mars 1939 etter ei ulukke mellom Stasjon 402 og Stasjon 422 i gruva. Han og Sverre Gullesen skal ha vore med gruveheisen då lina rauk og dei fall ned i botnen av gruva igjen. Grosås døydde med ein gong. Gullesen døydde under transporten opp frå gruva.
Erling Grosås var gift og hadde ein son. Han var bror av Jens Georg Oskar Grosås, som døydde i ei anna ulukke i gruva i 1933. Namnet til begge brørne står på Minnesteinen ved Flåt gruve.
Kjelder
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 384–386
- Olav Arne Kleveland, Flot nikkelgruve - Evje nikkelverk, utgjeve av Evje og Hornnes Sogelag, 2000, side 51