Stasjon 402 (Flåt)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Malmgangen i Flåt nikkelgruve med stasjonane innteikna.

Stasjon 402 var den åttande og nest-nedste stasjonen (etasjen) i Nygruva i Flåt nikkelgruve. Han var mest 900 m innover i fjellet, rekna frå nullpunktet i Gamlegruva. Sjølve tunnelen var over 600 meter lang. Då gruvedrifta tok slutt, var det eit kjempestort holrom inst i 402. Det var over 100 meter under taket, og blei kalla Himalaya.

Borsmia på Stasjon 402 gjekk på elektrisk straum. Dette blei difor den einaste staden i gruva med elektrisk oppvarming.

I åra 1915–1917 blei det sprengt ut ein loddsynk ved gruva. Etasjane (lange gruvegangar (orter) utover til sidene frå Loddsynken) blei lenger og lenger for kvar etasje nedover ein kom. 402 var den aller lengste stullen. Retninga på desse tunnelane var den same som i skråsjakta i Gamlegruva. Det var i alt ni stasjonar (etasjar) nedover i Nygruva.

Kjelder


🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.