Drosefjellet

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. mai 2020 kl. 22:24 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lagt til en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Drosefjellet er eit fjell (556 moh.) aust for Vikstølvatnet og nord for Lislevatnet, heilt aust i Evje og Hornnes kommune. Fjellet ligg på garden Håtveit sin grunn.

Turløype

Drosefjellet er med i Otra IL sitt turprogram Ti toppers i 2016. Frå Evje er det ca. 10 km til start/parkering ved Vikstøl-gardane. Ein følger så vegen vidare austover ca. 0,8 km. Rett før eit kvitt hus skal ein ta sti til venstre og etter det gå ca 0.7 km i terrenget til toppen. Ei kontrolltang står festa på skilt ved ei lita bjørk i eit «krater»/ei myr mellom tre små toppar.

Kjelder

Kart

Laster kart...