Suldal
Suldal er ein kommune i Ryfylke, nord-aust i Rogaland. Han grensar i nord mot Sauda, Etne og Odda, i aust mot Vinje og Bykle, i sør mot Hjelmeland, og i vest mot Vindafjord.
Kommunen har 3 820 innbyggjarar. Han er med sine 1 736 km² den største kommunen i Rogaland i flatemål, og den tredje største på Vestlandet.
Suldal er ein av dei store kraftkommunane i Norge. Utbyggingene byrja på 1960-talet, då nedbørsfeltet til Suldalsvatnet blei gjenstand for omfattande regulering. Først kom Røldal-Suldal og seinare Ulla-Førre. Rundt 8 % av den samla kraftproduksjonen i Norge går føre seg i kommunen. Blåsjø er det største kraftmagasinet. Reguleringa har ført til store inngrep i naturen, men også inntekter for kommunen.
Kommunesenteret er Sand, som er eit trafikknutepunkt, handels- og skulesenter.
Suldal - Setesdal
Bøndene i Setesdal i jernalderen måtte over fjellet i vest eller nord-vest for å dekke behovet for mellom anna salt og såkorn. Heilt fram til Postvegen kom gjennom Setesdal midt på 1840-talet, var fjellvegane vestover dei mest naturlege bindeledda til omverda. Kortaste vegen mellom aust og vest var det lengst nord i Setesdalsheiane, mellom Breive i Bykle og Roaldkvam i den indre enden av Suldalsvatnet. Strekninga var bare 25-30 km.
Ein annan mykje brukt veg, spesielt for folk i Nordbygdi i Bykle, gjekk frå Brotteli i vestre enden av Botsvatn til Førre inst i Jøsenfjorden i Suldal. Avstanden er bare fire mil.
Kjelder
- Artikkelen om Suldal på Wikipedia
- Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 223
- Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, eige forlag, 2. utgåve 2013, side 107 flg.