Auver Stavenes
Auver Olsson Stavenes (fødd 1. april 1889 i Bykle, død 1960) var kjøpmann på Flateland i Oveinang i Valle og underoffiser. Han var gift med Gyro P. Stavenes (fødd Brokka 1887, død 1973). Gyro var eldste søster til seinare ordførar i Valle, Dreng Brokka. Foreldra var Olav Auversson Stavenes og Hæge Gjermundsdotter, fødd Byklum.
Familien flytta litt rundt, men slo seg ned som landhandlarar på Flateland i 1929. Då kom dei frå Ose.
Krigsinnsats
Under andre verdskrigen kom Auver med i både Milorg og XU. Butikken på Flateland blei ein sentral innsamlingsstad for informasjon om det som gjekk føre seg i Setesdal. 20. januar 1943 blei Auver arrestert av tyskerane, og frakta til Kristiansand. 15. februar 1943 blei han overført til Grini fangeleir. Her sat han til freden kom.
Kjelder
- Johan Christian Frøstrup og Bjørn Davidsen, Aust-Agder under okkupasjonen. Glimt fra krigsårene 1940-1945, Friluftsforlaget, 2. utgave 2018, side 423
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 559-560
- Alfred Ryningen, Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 256-257