Grini fangeleir

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Grini fangeleir (Grini Polizeihäftlingslager) var den største tyske fangeleiren i Noreg under andre verdskrigen. Leiren vart oppretta i juni 1941 i kvinnefengselet på Ila i Bærum.

I alt passerte nær 20 000 fangar Grini under krigen. Av desse var 2 000 kvinner. På det meste var det 5 400 fangar i leiren på same tid. Svært mange setesdølar som blei arresterte for motstandsarbeid under krigen hadde kortare eller lengre opphald på Grini. Knut O. Bø var på «Fallskjermen» på Grini til han blei avretta i Trandumskogen 9. mai 1944.

Kjelder

Eksterne lenker