Hopp til innhald

Kongens Fortenstmedalje

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. september 2012 kl. 22:06 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Evje og Hornnes: Ada Sofie)

Kongens Fortenstmedalje vart stifta av Kong Haakon VII 1. februar 1908 og vert delt ut i gull eller sølv til «lønn for fortenster av kunst, vitskap og næringsliv, og for framifrå forhold i offentleg teneste». Søknad om tildeling skal stilast til H.M. Kongen og sendast gjennom Fylkesmannen. Søknad om tildeling bør sendast i nær tilknyting til avslutninga på den verksemda som skal lønnast.

Utforming

Medaljen har portrettet av den regjerande kongen med namn og valspråk på framsida, mens han på baksida har ein krans med omskrifta "Kongens fortjenstmedalje". Innanfor kransen er namnet på mottakaren inngravert.

Medaljen skal berast på venstre side av brystet i band i fargane til riksbanneret, raudt med ei gul stripe i midten. Medaljen vert mottakarane sin eigedom og skal ikkje leverast attende.

Mottakarar i Setesdal

Bykle

  1. 1983 Trygdesjef Torleiv Gjerden

Valle

  1. 1. juli 1997 Husmor Ingebjørg Kjelleberg
  2. 27. oktober 1986 Rektor Eivind Hovet
  3. Kvedar Torbjørg Aamlid Paus (gull)
  4. Kjøpmann Sverre Lund
  5. 1967 Lærar Torjus Åkre

Bygland

  1. 28. februar 2009 Birgit Skjevrak Skeie
  2. 27. november 2008 Bonde Knut P. Sandnes
  3. 01. juli 2000 Emissær Olaf Skjeggedal
  4. 1964 Lærar Jon Løyland

Evje og Hornnes

  1. 17. mai 2011 Rektor Alf Georg Kjetså
  2. 17. mai 2011 Entreprenør Kåre Tjessem
  3. 15. april 2008 Ada Sofie Austegard (gull)
  4. 25. mars 2008 Adjunkt Sigmund Monen (gull)
  5. 17. juli 2007 Bedriftsleder Roald Skibsrud
  6. 30. november 2006 Kaptein Knut Aadal
  7. 1. november 2005 Lærer Ruth Oksefjell
  8. 28. mai 2005 Lektor Olav Arne Kleveland
  9. 13. desember 2004 Lærer Aslaug Sigrun Smeland
  10. 8. mai 2003 Hagebruker Arnar Kjetså
  11. 1. juli 2002 Lærer Valborg Hauan

Iveland

  1. 08.05.2003 Formann Jens Skisland
  2. 01.07.2002 Skogsarbeider Gjermund Frøysaa
  3. 01.07.2002 Hjelpepleier Jorunn Frøysaa

Det er nok fleire og det hadde vore fint å få ei oversikt over desse til Setesdalswiki.