Vatndalen
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn

Foto: Reidar Tveito
Vatndalen er eit dalføre som går i vestleg retning, vest for Riksveg 9 ved Berdalsbru, i Bykle. Vatndalsvatnet fyller heile dalbotnen.
I dag er dalen demd opp av dei svære Vatndalsdammane i austre enden. Men sjølv føre oppdemminga dekka vatnet det meste av dalbotnen. Vatnedalsgardane låg på rekke langs vatnet, på nordsida av vestenden der det var litt jord å bygge på. Gardsbruka blei fråflytta rundt 1917, etter den første oppdemminga.