Meir om skinår
Meir om skinår var ein artikkel av Bjug Åkre i Setesdølen nr. 55, 2018 side 8
Meir om skinår
24. juli hadde eg eit lesarinnlegg i Setesdølen om skinåret i 1947. I mellomtida har eg vore på molteplukking på støylen Neiretjønn i Finndalen. Det var mykje og fine molter å finne. Men det var svært turt: Dei fleste myrane var så turre at ein kunne gå beint over dei utan problem, mosen var så turr at han knasa under føtene. Men det som slo meg mest, var kor lite vatn det var i bekker og elvar.
Men eg vart sjokkert, har aldri sett noko liknande tidlegare, då eg såg kor lite vatn det var i Opte, elva som renn mellom Timreviksvatnet og Fitstøylsvatnet. Denne elva samlar vatnet frå store område mellom Timreviksvatnet som grensar mot Hylestad i sør og Valevatn som høyrer til Tveitebø i nord. Mot vest renn vatnet frå vest frå Strondefjødd, Glåm, Ljomsnuten, Valefjødd og Vrålskred, frå søraust frå Telemarksgrensa til Bergeheii og Finndalsbroti. Frå Valevatn og sørover mot Timreviksvatnet ligg vatna og tjønnane som perler på ei snor.
Opte er vanlegvis så stor at det er vanskeleg å vasse turrskodd over med gummistøvlar. Men no var ho redusert til ein liten bekk på om lag 1 – 1,5 m brei, sjå vedlagde bilete teke ved utlaupet av Neiretjønnsbekken. Her er alt vatnet som renn i Opte mot vestsida av elva der i tidlegare tider er lagt ut 3 – 4 steinar til eit vad som me vassa over når me skulle til støylane Timreviki og Verevatn.
Men tradisjonen fortalde at det hadde vore endå mindre vatn i Opte i tidlegare tider. Såleis fortalde far min, Torjus Bjugson Åkre (1897 -1990), at far hans, Bjug Torleivson Aakre (1849 – 1939) hadde fortalt han at ein turkesumar, årstal ukjent, var det så lite vatn i Opte ved Fitstøyl, at alt vatnet kunne samlast og gå gjennom eit hol med eit tverrmål som tilsvara romet som kom fram når ein vaksen kar sette lang- og tommefingrane mot kvarandre, altså ca 20 cm. Dei la då merke til at det var meir vatn i Opte om morgonen enn om kvelden.
Dei meinte at denne auken skuldast doggfall. Eg ville eventuelt ha teke med nedsett fordamping om nettene.