Der oppe Nomeland (Valle gnr 64 bnr 5)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Der oppe Nomeland er eit gardsbruk (gnr. 64 bnr. 5) på Nomeland i Hylestad i Valle. Husa ligg på oversida (vestsida) av Riksveg 9, like nord for Hylestad skule. Til bruket høyrer også fleire heieteigar i Setesdal Vesthei.
Dei gamle våningshusa på bruket er borte. Men det står eit eldgamalt loft her. Loftet er truleg bygd før Svartedauden (før år 1350), og er automatisk freda.
Historie
Nomeland blei dela i to om lag like store partar truleg like før år 1600. Der oppe blei då den øvre halvparten av garden. Den nedre delen var det som i dag er bnr. 1 på Nomeland. Den første heimelsmannen var Sigurd Torjusson Nomeland.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 474-490
- Kart på nettsida til Statens Kartverk
- Kulturminnesøk.no
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.