Roskreppfjorddammen
Roskreppfjorddammen er ein svær steinfyllingsdam som saman med tre mindre sekundærdammar demmer opp Roskreppfjorden på kommunegrensa mellom Valle og Sirdal i Setesdal vesthei til magasin for fleire kraftverk i Sira-Kvina-vassdraget. Kommunegrensa mellom Valle og Sirdal går midt i dammen.
Rett sør for dammen ligg Håheller rasteplass på Brokke-Suleskarvegen og Håhellervatnet.