Håheller rasteplass

Håheller rasteplass ligg på Brokke-Suleskarvegen (Fylkesvei 45/337) 868 meter over havet og omlag 27 km vest for Nomeland i Hylestad (Valle kommune).
Rasteplassen ligg i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde, i eit område kalla Håhelleren der folk i fleire hundre år har kunne søkje ly under store heller på vegen over heia. Den nye rasteplassen blei opna 16. juni 2010 i samanhang med Suleskarvegen sitt 20-års jubileum. Til stades var ordførarar og heile fylkestinget.
Håheller rasteplass har toaletter, interaktiv informasjonstavle, breiband og parkeringsanlegg - men ikkje dekning for mobiltelefonar.
Bakgrunn
SVR sa i årsmeldinga for 2007 at
- Tiltaket vert sett i verk for motvirke «villcamping» inn i verneområdet, kanalisere ferdsla og informere om SVR og formålet med vernet. Prosjektet har så langt mottatt 750 000 kr frå DN/SNO og 150 000 kr frå Statskog.[1]
Anlegget blei bygd av Repstad Anlegg frå Søgne, arbeidet starta i juni 2009 og plassen var ferdigstilla i slutten av oktober samme år.