Vånne

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. februar 2017 kl. 11:09 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Kjebekk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Vådne - Evje 210615.JPG
Vånne sett frå nord mot sør.

Vånne er ein gard (gnr. 41) sør-aust i Evje og Hornnes, mot grensa til Iveland. Det er vanskeleg å seie kor gamal garden er. Men han er nok minst frå norrøn tid, altså frå før svartedauden. Men Vånne låg øyde i 1601.

Namnet

Namnekjennaren Oddmund Mogstad meiner det opphavelege namnet på garden har vore Vorn eller Varna. Varna er eit gamalt elvenamn, og gamle folk skal ha kalla Klepsåna som renn forbi garden for Varna. Varna skal ha med siv å gjere. Det kan stemme, seier Mogstad, for det er siv både i Litjønn og ved osen av Klepsåna. Kanskje har Vånne då fått namn etter bekken Vorn, som garden ligg attmed, slik gardane Bjorå og Kjebekk også har fått namn etter bekkar som renn forbi.

Kjelder

Kart

Laster kart ...