Kjetsåmonen (Evje og Hornnes gnr. 16 bnr. 5)
Utsjånad
Kjetsåmonen (gnr. 16 bnr. 5) er ein eigedom og eit tidlegare gardsbruk i Neregarden på Kjetså i Hornnes. Husa ligg tett attmed vegkrysset der Fylkesveg 42 svingar vestover mot Sveindal. Det bur ingen i husa i dag (2016).
Historie
Kjetsåmonen var først husmannsplass under Nedre Kjetså. I 1863 blei eigedomen skild ut frå bruket Der Inne Aust på Kjetså.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, side 386-389