Berdalsbru (bru)

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 2. august 2016 kl. 10:28 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Kart)
Hopp til navigering Hopp til søk

Berdalsbru er ei stålbjelkebru på Riksveg 9 over Otra ved Berdalsbru mellom Hoslemo og Hovden nord i Bykle. Brua er bygd i 1962. Ho er 63,52 meter lang.

Historie

Den første køyrevegen mellom Bykle og Hovden kom hit i 1907. I åra 1907-1912 blei det bygd ei steinkvelvbru over Otra. Men i slutten av 1940 vart ho sprengd av norske motstandsfolk. Tyskerane fekk bygd opp ei mellombels bru inntil ein fekk bygd ei ny bru av tømmer. Tømmerbrua stod til 1962, då den nåverande brua kom.

Kjelder

Kart

Laster kart ...