Bygland Bygdekvinnelag

Bygland Bygdekvinnelag fekk sitt noverande namn i 1982, då det skifte namn frå Bygland Bondekvinnelag. Det blei skipa 8. mars 1939, og Eli Kvåle var den første leiaren. Etter at laga i Grendi og på Austad blei nedlagt, femner laget heile Bygland kommune. Det har vore aktivitet på ymse områder, studieringar, praktiske kurs (mellom anna i bunadsaum). Kvart år pyntar laget Bygland kyrkje til hausttakkefest, og i 1966 fekk ho golvteppe og antependium av Bygdekvinnelaget. Sidan 1978[1] står laget for Fånekleivsmarsjen, og årleg gjev laget og ut Byglandskalenderen.
Leiarar

(leiar 1952–54) og familie
| 2010–12 Fatima Medina Aakhus 2006–07 Siri Skreland Homme |
1962 Eli Kvåle 1961 Anne G. Attestog |
Aktivitetar
Våren 2012
Om ikkje anna blir annonsert, byrjar møta klokka 19.
- 30. januar: Fotografen Marit Simonstad Kvåle viser oss bileta sine. Utlodning av alle jolegåvene vi ikkje likte. Ta med ein liten ting. Musikkrommet på [[Bygland oppvekstsenter|Bygland skule}}.
- 27. februar: Kick-off! Bygland Bygdekvinnelag er 75 år i 2014. Siri Skreland fortel om laget si historie og korleis møta var før. Setesdalswiki og litt om å samla inn laget sin historie med Siri Johannessen. Møtestad er grendehuset i Grendi.
- 26. mars: Med gull i veggane, forfatteren av boka, Torild Ankersdatter Fossnes vil fortelje om korleis klesrestar funne i veggen i eit hus i Åmli blei til flotte drakter. Møtet er på Byglandsfjord bibliotek.
- 28. april – laurdag!: Vi reiser til keramikkverkstaden til Anne Høykoll Attestog i Jordalsbø der vi sjølve får prøve å lage ei skål og dekorere med leirfarge. Påmelding innan 21. april til styret. Ta med plastkjevle om du har. Dette blir gøy!
- 26. mai: Tur til Randesund planteskole. Tida er perfekt for å hente heim somarblomar frå planteskulen. Omvising er mogleg. Meir informasjon kjem!
- 24. juni: Fånekleivsmarsjen: Inviter familie og vener på besøk denne helga så set vi deltakar-rekord i år!
- 14.–16. august: Naturlegvis på Evjemoen – Vi stiller opp med kaker og arbeidskraft.
- 27. august: Det fyrste haustmøtet tek oss ut på fjorden! Vi reiser i båt til Solveig Tveitå si hytte på vestsida. Viss det regnar, køyrer vi. Meir informasjon kjem!
- Andre aktivitetar
- September: Laget pynta Bygland kyrkje til «Hausttakkefesten»
- Desember: Skulekjøkkenet på Bygland: Baking av småkaker til jol saman med damer frå asylmottaket.
Årvisse
- Fånekleivsmarsjen i juni, fyrste gong i 1978.
- Kalenderar med bilete frå Bygland
Bøker
- Langerak, Mari: Prydsaum på kvinnebunaden i Setesdal, Bygland Bygdekvinnelag, 1998. – 39 s. – ISBN 82-994699-0-2. Ei bearbeidd utgåve av Langerak sitt særemne på Statens sløyd- og tegnelærerskole, Notodden, 1952.
Styrer
2011–'12
- Leiar: Fatima Medina Aakhus
- Nestleiar: Hanneke van der Goes
- Kasserar: Mari Rygg
- Skrivar: Turid Skaar Greibrokk
- Styremedlem: Solfrid Vestrom
- 1. varamann: Thora Bakke Nordgarden
- 2. varamann: Lisbeth Fossdal
- 3. varamann: Anne Reidun Lund
2010–'11
- Leiar: Fatima Medina Aakhus
- Nestleiar: Berit Grøntoft
- Kasserar: Mari Rygg
- Skrivar: Sigrid Lislevand
- Studieleiar: Johanne Risa
- 1. varamann: Tora Bakke Nordgarden
- 2. varamann: Lisbeth Fossdal
Kjelder
- Vevstad, Andreas: Aust-Agder Bondekvinnelag 50 år (1936 – 1986), Arendal 1986, s. 135–37
- ↑ Vevstad, Andreas: Aust-Agder Bondekvinnelag 50 år (1936 – 1986), s. 136